Les & Lær 

   Tips, nyheter og trender

Kan hundar lukta kreft?

Fjellanger, BTO og Helse Bergen med omfattande studie finansiert av Forskningsrådet.

 

Artikkel i Midtsiden skrevet av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, oktober 30, 2016 - 22:14

 

– Fleire har stilt spørsmålet før, kan hundar identifisera kreft? Men vi er ein av dei første i Europa som utforskar dette saman med eit sjukehus i eit klinisk studie, seier Frank Hoover frå Bergen Teknologioverføring AS (BTO).

BTO driv med innovasjon og kommersialisering av forskning og er eigd av Universitetet i Bergen, Helse Bergen, Havforskningsinstituttet, SIVA, Høgskolen i Bergen og Norges Handelshøyskole.

– Rune Fjellanger er ein essensiell partnar i prosjektet. Slik vi ser det er han den einaste i Noreg, truleg også i Europa, som kan gjennomføra ei slik undersøking. Fjellanger har brei, internasjonal erfaring og er høgt respektert.

Sjå videoportrett: Tett på Rune Fjellanger

Prosjektet er finansiert av Norsk Forskningsråd og starta i år. Dei første praktiske forsøka med hund starta no i oktober.

Publisert: 31/01/2017

Artikler og publikasjoner , Nyheter

Frå narkotika til korrosjon

 

Rune Fjellanger, innehavar av Fjellanger Hundesenter (tidlegare Fjellanger Hundeskole), kan meir enn å trena hundekvalpar. Sidan starten på 90-talet har han trent opp hundar for tollvesen og politi til å finna narkotika og sprengstoff. Frå 1999 til 2010 har han òg trent opp hundar til minesøk.

I alt rundt 50 hundar er fostra opp av Fjellanger til å bli detektorar, som han sjølv kallar dei.

Parallelt med at han nyleg starta på det prestisjetunge kreftforsøket er han i innspurten på eit anna banebrytande prosjekt.

– Det var tilfeldig at eg møtte ein tidlegare kollega på kafeen på Amfisenteret før jul 2005. Han jobba med vedlikehald i Nordsjøen og sa «tenk om hundane dine kunne hjelpt meg».

Inspeksjon av dei mange og lange isolerte røra på plattformene er ei komplisert oppgåve.

– Det fekk meg til å tenkja på den tidlege fasen av treningane vi hadde av minehundar. I starten hadde dei lettare for å finna skrapstål enn sprengstoff. Vi justerte på treninga og fekk hundane på rett spor, men minnet om kor flinke hundane var til å finna rust gjorde at eg straks trudde at dette var verdt å jobba vidare med.

I samarbeid med kontraktørselskapa Oceaneering og Beerenberg, etter år med grundige forsøk, er Fjellanger no i ferd med å levera ein unik pakke; deteksjon og fjerning av korrosjon på plattformer.

 

Suger luft gjennom filter - så er det opp til hundane

 

– Vi har vore på Ekofisk, no er vi på Sture. Ved å laga drenshol og suga luft frå sokalla hotspots, typiske stadar der korrosjon oppstår, og lagra duften i filter, blir resten opp til hundane.

Filteret blir forsegla og sendt til land. Fjellanger har patent på filtersystemet med kompressor og behaldar, som han har utvikla saman med fleire universitetsmiljø. Filteret som lukta blir lagra i var han òg med på å utvikla saman med forskarar frå Nederland og Tyskland.

Eit team på åtte hundar er trente opp. Dei to svakaste er fjerna frå teamet og før kvar test blir det sjekka kven fire som har best dagsform.

– Det kan vera løpetid eller anna som påverkar hunden, vi bruker berre dei fire beste, og lar desse gå over alle prøvane kvar gong det blir testa.

Frå kvart punkt (hotspot) blir det tatt to filterprøvar.

Dei fire utvalde hundane luktar på begge prøvane frå det same punktet, altså - åtte moglege markeringar per punkt.

Hundane har fått ei opplæring slik at sensitiviteten for å markera på korrosjon er forskjellig. Difor kan ei gruppe på 4 hundar seia meir enn bare «ja eller nei» i forhold til om det finnest korrosjon.

Ved 0 til 1 markering vil det aktuelle punktet bli klassifisert som reint, ingen korrosjon, med 2 til 4 markeringer blir det sett kategorien «låg mistanke» om korrosjon (low suspected), med 5 til 8 markeringer av dei fire hundane sine rundar på dei to prøvane er det high suspected og berre til å byrja å utførar fysisk sjekk og utbetring av området prøven er tatt.

 

Duften av sjukdom

 

Dette med deteksjon av sjukdom er heller ikkje nytt for Fjellanger. I 1999-2000 var han  i kontakt med Helse Bergen i samband med tuberkolose, som var ein del i media på den tida. I Tanzania blei det brukt rotter til å påvisa sjukdomen, noko som gjorde jobben med testing lettare og tryggare.

Helsepersonell kan i dag  køyra frå landsby til landsby for testing, i staden for at folk reiser til byane og kanskje smitta fleire på veg til og frå test og behandling.

I 2005 var Fjellanger i kontakt med eit selskap i England, Medical Detection Dogs, som òg var på besøk i Os i samband med detektering av prostatakreft.

– Då eg i 2011 blei spurd om å vera med på eit forsøk om kreft så hadde eg to vilkår; finansieringa måtte vera på plass og Helse Bergen måtte vera med, eit slikt prosjekt må vera forankra i eit forskarmiljø.

Finansieringa kom likevel ikkje på plass og 2012 og 2013 gjekk utan at dei kom vidare. Så, på forsommaren 2015, tok Frank Hoover frå BTO kontakt.

– Hoover er biokjemikar og har solid kompetanse og eit stort nettverk. Vi blei tre partar; BTO, oss og Helse Bergen, og vi fekk midlar til å forma søknad til Norsk Forskningsråd.

 

Gjennom nålauget

 

Til forskingsrådet kan du søkja på ulike kriterie. Fjellanger, Helse bergen og BTO fekk tilbakemelding om at forsøket ble så interessant at dei blei kalla inn på høyring.

– Det blei presentasjon og grundig utspørjing av eit panel på 10-12 personar, fortel Rune Fjellanger.

Då Norsk Forskningsråd i oktober i fjor kom med tildelinga, fekk dei først veta at dei var inne, men ikkje med kor stor sum.

– Gleda var stor då vi fekk beskjed om at vi fekk alt vi bad om, støtte til å køyra dette prosjektet i to år. Både vi, BTO og Helse Bergen går inn med ein betydeleg eigeninnsats, men det var både avgjerande og noko vi set stor pris på, at Norsk Forskningsråd har tru på og støttar forsøket.

 

Dei einaste hundane som duger

 

Fjellanger har bygd ein ny lab til prosjektet. Nye hundar er kjøpt i Bosnia og trent opp.

– Dei siste åra har eg berre brukt hundar av rasen malinois frå Bosnia. Eg har prøvd alt, desse er dei desidert beste til deteksjon. Andre rasar kan vera flinke, men i jakt på belønning kan dei byrja å eksperimentera, å testa ut om det fungerer å markera der det ikkje er verdt å markera.

– Dette skjer ikkje hos malinois, dei er svart-kvitt. Dei er dessutan svært arbeidsvillige.

Metoden Fjellanger bruker til trening, til å få hunden til å velja, er unik og hemmeleg. Men hundetrenaren fortel gjerne om prosjektet.

 

Pasientar pustar i filter

 

– Også denne gong er det filter, men no er det ikkje ein kompressor som skal suga luft frå eit område i eit rør som kanskje har korrosjon, no er det menneske som skal blåsa sin eigen pust gjennom filteret.

Hunde-laboratoriet får tilsendt filter med anden frå både friske og sjuke, tilsendt frå Haukeland frå pasientar som har vore på CT i samband med mistanke om kreft.

Allereie neste sett er tilstanden skjult, Fjellanger veit ikkje kva filter som er frå sjuke pasientar, men må berre notera protokoll på kva nummer det er på filteret som hundane markerer på.

– Kva skal til for at prosjektet blir vellykka?

Innan korrosjon er hundane oppe i 90 prosent treff både på oppdaging og på å unngå feil (å markera der det ikkje skulle vore markert). Vi får håpa for det samme med dette studiet.